I fem tida i går landa flyet vårt på Hovden. Det første ej gjor va å hive bagasjen inn i bilen og å sette kursen for Uppheim der så mange som hadde anledning frå klassa hadde avtalt å samlast. Ej va en time for sein, men det hadde ikkje så mykje å sei. Vi satte kursen for Ørsta der ein del folk hadde møtt opp utafor kyrkja for å ta del i ei lita minnestund. Det var ikkje organisert noke, men folk kom for å tenne lys for omkomne og savna og somme hadde med blomster. Det er utrulig sterkt å høyre folk hulke og grine av slik smerte som når noken nær dei ikkje har kome til rette, og av frykt for at dei heller ikkje vil kome til rette. Fredag var ein heilt uvirkelig dag. Som om ikkje ei bombe i regjeringsbygge var vanskelig nok å svelge. Ej skjønna virkelig ikkje korleis noken kan synke so lavt. Korleis kan noken sette i gong med å skyte uvitande og uforståande ungdom som ikkje ana ka dei he gjort for å bli skote på? Korleis kan enn lokke dei til sej, samle dei rundt sej også sjå inn i forventningsfulle auge og trekke våpene og skyte dei? Det skjønna ej virkelig ikkje. Ej kjendte ein god del av dei som var der. Der va blant anna to stykke som går i klassa mi. Eine e no trygt heime, men hin e framleis sakna. Alt føles so respektlaust ut, og alt ej he lyst til e å sitte å sjå på nyheitene dag inn og dag ut i håp om å høyre noke meir. Det heile e ganske uvirkelig, men ej nekta å gi opp håpe før det motsatte e bevist.
Korleis veka i Oslo va ellers kjeme sikkert seinare, men akkurat no føles det ganske uviktig.
Håpa alle dokke andre he det bra!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar