onsdag 22. juni 2011

3rd is the new 2nd


I dag var dagen då alt skulle komme til en slutt. Ok, ikkje alt da. Men vi er offisielt ferdige med andre klasse på Volda vidaregåande skule. Vi møtte opp på skulen, berre for å bli møtt av en stivpynta lærar som med eit stort smil delte ut karakterane til elevane, solgte musikaldvd-ar og slengte med ei klobbe til kvar på kjøpet. Koselig start på dagen, og koselig avslutning på året. Litt rart å tenkje på i grunn at snart er vi alle tredjeklassingar. Men det skal bli eit flott og minnerikt år!

I anledning at det i dag var siste skuledag før den ordentlige ferien starta, avtalte vi ein liten jentegjeng at i kveld skulle vi kose oss og feire at skulen var ferdig, og nyte siste stunda ilag før alle gjekk til sitt for sommaren.

Etter eit par timar med venting var endelig alle ankomne, og dette var det vi hadde føre oss.

Spratt min første champagnekork!

Maria og Maria overraska oss alle ved å lage til ein liten koseplass foran huset, der dei hadde lagt ut puter og pledd og champagne dei hadde kjøpt med tanke på oss på den spontane Tyrkia turen dei la ut på i forje veke. Saman med jordbær, tortilla chips og diverse brettspel endte vi opp med ein svært koselig kveld. 

Kva planar har du for sommaren? 

Ingen kommentarer: