mandag 20. juni 2011

What a wonderful world

God dag, god dag. No sit eg her, inne, på denne vakre solskinnsdagen her i Volda. Eg har ikkje såte her i heile dag, nei heller tvert i mot, men no sit eg her altså. Inne på den vesle hybelen min, som ikkje lenger kjem til å tilhøyre meg innan tre veker er gått. Men eg sit her no for å meddele det at eg har no oppretta endå ein ny blogg, endå en ny start, og denne gongen skal eg prøve å lykkast i å oppdatere den so ofte eg har noko interessant å fortelje. Og eg kjem nok mest sannsynleg ikkje til å skrive på nynorsk, eller Ingvildsk nynorsk heile tida, men akkurat no var det det eg følte mest for. Eg kjem til å skrive om kvardagen min når det skjer noko interessant, og andre ting som fell meg inn å skrive om. Det kan også hende at det kjem videobloggar og songvideoar, alt etter kva som fell i smak. Eg håpar de har tålmodigheit til å fylgje med meg. Ha ein fortsatt fin dag!


Morgenkåpe og trutmonnj. God kombinasjon!

2 kommentarer:

http://wavingatcars.blogg.no/ sa...

Eg likar Ingvildsk nynorsk! :) Men eg hatar blogspot, sida eg må logge på google-accounten min kvar gong eg skal kommentera :(

Ingvild Beate sa...

Det kan eg gjera noko med skal du sjå :D